Målet til Hardangeraksjonen var å stoppa den uforsvarlege høgspentlinja

Hardangeraksjonen vart oppretta i 2005, den gong under namnet «Folkeaksjonen». Målet til Hardangeraksjonen var å stoppa den uforsvarlege høgspentlinja frå Sima til Samnanger, gjennom å føreslå alternative løysingar. Aksjonen jobba intensivt for å påverka politikarar gjennom møter, lesarbrev og demonstrasjonar, og utarbeidde rapportar som viste at luftkraftlinja ikkje var naudsynt.

Trass i at uavhengig ekspertise vinteren 2011 avkrefta den påståtte straumkrisa i Bergen og peika på ei rekke andre alternativ som oppgradering av eksisterande linjer og energieffektivisering, vedtok regjeringa utbygging 1. mars 2011. Hardangeraksjonen vart vidareført under nytt styre, og gjennomførte ei rekke sivil ulydnadsaksjonar gjennom anleggsperiodane 2011 og 2012, før me måtte innsjå at slaget var tapt.

Myndigheitene sine framgangsmåtar i Hardangersaka er svært kritikkverdige av ei rekke grunnar: Først og fremst var dei ikkje ærlege om den eigentlege agendaen bak utbygginga: Tilrettelegging for krafteksport og elektrifisering av Troll-feltet. Debatten føregjekk dermedpå feil premiss, og vedtaket blei fatta på falske påstandar om Bergen sin forsyningssituasjon.

Prosessen framstår som eit spel for galleriet, ikkje minst på grunn av at mastene til heile traséen mellom Sima og Samnanger vart bestilt og sett i produksjon vinteren 2010 – eit halvt år før det første offisielle vedtaket. For det andre lytta ikkje myndigheitene til den massive motstanden, og lokaldemokratiet vart fullstendig overkøyrt. For det tredje opptredde Statnett arrogant og respektlaust ovanfor både grunneigarar og lokalbefolkning gjennom heile prosessen. Under utbygginga braut dei sin eigen miljø- og transportplan – som var ein føresetnad for utbygginga – ei rekke gonger, utan nokon form for konsekvensar.

rettsak-oddaDette er hovudgrunnane til at Hardangeraksjonen framleis er aktive, sjølv om mastene no står der og gjer skam på fjella våre, fjordane og stølane våre. Me har eit etterarbeid å gjera. Hardangersaka må ikkje gløymast – det skjedde så mykje i den saka som ikkje skal kunna skje i verdas beste demokrati. Derfor må me ta lærdom av Hardangersaka, og kjempa for at det aldri gjentar seg.

Hardangeraksjonen er no i startfasen med eit bokprosjekt, der me vil fortelja om alt me opplevde i Hardangersaka – til lærdom for ettertida. Det er i tillegg laga ein dokumentar om saka, «Kampen om Hardanger», som hadde premiere på BIFF i haust. I samband med lanseringa av filmen og boka ynskjer me å reisa debatt om demokratiutviklinga i Noreg, og verdien av naturen.

 

 

 

 

 

Årsmøte 2017

Styret i Hardangeraksjonen kallar med dette inn til årsmøte 27. april kl. 19.00 på Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund.


Vanlege årsmøtesaker


Enkel servering


Vel møtt! 

 

Målet til Hardangeraksjonen var å stoppa den uforsvarlege høgspentlinja

Hardangeraksjonen vart oppretta i 2005, den gong under namnet «Folkeaksjonen». Målet til Hardangeraksjonen var å stoppa den uforsvarlege høgspentlinja frå Sima til Samnanger, gjennom å føreslå alternative løysingar. Aksjonen jobba intensivt for å påverka politikarar gjennom møter, lesarbrev og demonstrasjonar, og utarbeidde rapportar som viste at luftkraftlinja ikkje var naudsynt.

Les mer …

Filmen om saken: "Kampen om Hardanger"

kampen-film

 Hva er prisen for et landskap?

Ikke siden planene om å bygge ut Altaelva har et forslag om en inngripen i norsk natur blitt møtt med større folkelig protest enn strømmastene i Hardanger.
KAMPEN OM HARDANGER følger Synnøve Kvamme i kampen mot Statnetts utbygging av kraftmaster gjennom naturperler i Hardanger. Synnøve aksjonerer i fjellet, blir satt på glattcelle, men fortsetter motstanden. Lokalbefolkningen blir møtt med trusler om namsmann, og ekspropriasjon - dette er Davids kamp mot Goliat. Avgjørelsene har blitt tatt før de debatteres, materialer er kjøpt inn før vedtak er fattet. Det som begynte som en kamp for å bevare urørt natur utvikler seg til å bli en kamp for selve demokratiet.

Les meir om filmen her   Sjå og facebook-sidene til filmen her