Om Oss

Oversikt Jonst l

 
Hardangeraksjonen er ein politisk uavhengig organisasjon som har som målsetjing å stogga bygging av ei naturøydeleggjande og uforsvarleg kraftlinje i Hardanger, mellom Sima og Samnanger.

Mastekampen i Hardanger har vore og er ein historisk kamp mot overkøyring frå storsamfunnet og mot ei profittbasert kraftbransje. Hardangeraksjonen har frå dag ein arbeidd med å nå fram bodskapen om at Sima-Samnanger ikkje er naudynt for å sikra straumforsyninga til Bergen. Kraftlinja vert bygd for å elektifisera deler av Nordsjøen og for ein storstilt krafttransport til utlandet.

Hardangeraksjonen er eit framhald av den folkelege motstanden mot luftlinja Sima-Samnanger som 7. juli 2005 fekk namnet Folkeaksjonen i Hardanger mot 420 kv. kraftlinje Sima-Samnanger. Seinare fekk den namnet Folkeaksjonen i Hardanger for kraftoverføring med sjøkabel, og frå 14.04. 2011 kort og godt Hardangeraksjonen.

Styret i Hardangeraksjonen

Støtt Hardangeraksjonen
 Hardangeraksjonen er basert på frivillig medlemskap og støtte fra privatpersoner. Vi mottar ikke offentlige midler. 

Din støtte er et viktig bidrag til den videre kampen mot kraftmaster i Hardangernaturen!

 

Bli medlem her!

Gje eit økonomisk bidrag!

Kontooverføring:
Hardangeraksjonen står som eigar av alle 3 kontoane, med adresse Krokatveitvegen 75, 5614 ÅLVIK

Gave direkte til Hardangeraksjonen sitt kontonummer:  3450.36.12242

Rettshjelpskonto;

Støtte til rettshjelp går til juridisk bistand og saksomkostningar. Bankkontonr. er 3450 38 16 190

Bøtekonto; 
Har du lyst til å hjelpe aksjonistane med bøtene så kan du gje eit bidrag her. Bankkontonr er 3450 38 16824

Kontakt oss

 

 

Årsmøte 2017

Styret i Hardangeraksjonen kallar med dette inn til årsmøte 27. april kl. 19.00 på Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund.


Vanlege årsmøtesaker


Enkel servering


Vel møtt! 

 

Målet til Hardangeraksjonen var å stoppa den uforsvarlege høgspentlinja

Hardangeraksjonen vart oppretta i 2005, den gong under namnet «Folkeaksjonen». Målet til Hardangeraksjonen var å stoppa den uforsvarlege høgspentlinja frå Sima til Samnanger, gjennom å føreslå alternative løysingar. Aksjonen jobba intensivt for å påverka politikarar gjennom møter, lesarbrev og demonstrasjonar, og utarbeidde rapportar som viste at luftkraftlinja ikkje var naudsynt.

Les mer …

Filmen om saken: "Kampen om Hardanger"

kampen-film

 Hva er prisen for et landskap?

Ikke siden planene om å bygge ut Altaelva har et forslag om en inngripen i norsk natur blitt møtt med større folkelig protest enn strømmastene i Hardanger.
KAMPEN OM HARDANGER følger Synnøve Kvamme i kampen mot Statnetts utbygging av kraftmaster gjennom naturperler i Hardanger. Synnøve aksjonerer i fjellet, blir satt på glattcelle, men fortsetter motstanden. Lokalbefolkningen blir møtt med trusler om namsmann, og ekspropriasjon - dette er Davids kamp mot Goliat. Avgjørelsene har blitt tatt før de debatteres, materialer er kjøpt inn før vedtak er fattet. Det som begynte som en kamp for å bevare urørt natur utvikler seg til å bli en kamp for selve demokratiet.

Les meir om filmen her   Sjå og facebook-sidene til filmen her