Masteaksjon- ane held fram

hordaland

Mastearbeidet er i full gang i Granvin. Kraftlinjene let seg ikkje stoppa, men aksjonane held fram.
Herborg Kråkevik vil arrangera konsert for å samla pengar til å betala bøter, men ikkje alle er interesserte i å betala bota si.
Om lag eitt år har gått sidan Statnett fekk grønt ljos av regjeringa til å byggja kraftline frå Sima til Samnanger, men Hardangeraksjonen har ikkje tenkt å gje seg med å yta motstand. I dag er det nok ein aksjon i gang i Granvin.

Overgrep mot lokalsamfunnet

– Arbeidet nådde Granvin nyleg, og det utløyser stor fortviling. Dei fyk med helikopter fram og tilbake over sentrum. Folk vert triste og oppgitte, seier Reidun Sleire som har engasjert seg i motstanden mot kraftlina i mange år.

Dei aller fleste har for lengst innsett at mastene kjem, og Sleire har fått spørsmål om kvifor ho orkar å halda fram å aksjonera.

– Enkelte seier at det berre er tull å aksjonera no, men slik ser ikkje eg det. Det å akseptera at linjene kjem og setja seg ned og falda hender, greier eg ikkje. Dette er eit altfor stort overgrep mot lokalsamfunnet sidan me meiner at saka er vedteke på ulovleg grunnlag, at folket er blitt lurt med falske opplysningar, og at det har vore ein dårleg prosess frå første stund, seier Sleire.

Botehjelp

Førre veke melde BT at Herborg Kråkevik vil arrangera kyrkjekonsert i Norheimsund i haust, for å samla inn pengar til å betala bøter som aksjonistar har pådrege seg for sivil ulydnad.
Reidun Sleire tykkjer det er fantastisk at artisten stiller opp slik. Ho er sjølv bøtelagt. Sleire har endeleg råd til å betala sjølv, men er ein av fire som har påklaga bota og fått prøvd og avvist saka i lagmannsretten. Dei tre anka til høgsterett, men fekk saka avvist.

– Tolkar du det å betala ei slik bot som ein form for aksept av bøtegrunnlaget?

– Eg ser at å betala bota kan tolkast som ein aksept, og er sjølvsagt ikkje interessert i å betala. Eg har varsla at eg heller vil ta fengselsstraff, men har tydelegvis fått avslag på det sidan det no på ny er kome innkrevjingsbrev i posten, seier Sleire.

Skremt på tur

Det har blitt rapportert frå fleire kjelder at turgåarar har opplevd nærgåande helikopterflyging der ein opplever det som at ein blir spana på og fotografert. Ifylgje Sleire har dette skjedd i område mange kilometer vekke frå mastepunkta.
Statnett sin prosjektleiar for Sima-Samnanger, Steinar Bygdås, vedkjenner at det kan skje at helikopter i deira teneste heng i lufta over folk i fjellet, men at dette berre skjer i nærleiken av mastepunkt fordi piloten må sikra seg at det ikkje kjem folk i vegen når helikopteret skal landa.

Han avviser at dei nyttar helikopter til å spana på folk i fjellet.

– Ingen blir spana på, og det er ingen grunn til å kjenna seg truga, seier Bygdås.

Ifylgje prosjektleiaren treng ein ikkje uroa seg for å bli fotografert heller.

– Me tek ikkje bilete av sakeslause menneske i fjellheimen. Me fotograferer aksjonistar ved mastepunkt, men blir du teken bilete av, så blir du varsla om det. Desse bileta skal nyttast om me eventuelt ser oss nøydde til å krevja erstatning frå aksjonistar på grunn av fordyringa av prosjektet som fylgje av aksjoneringa, seier Bygdås.

Han forsikrar at bileta vil bli sletta når prosjektet er avslutta.

Misnøgde grunneigarar

Sleire, som er bonde og næringsdrivande med aktivitet i delar av mastetraseen i Granvin, er også kritisk til måten Statnett fer fram med skogen til grunneigarar. Ho ynskjer at grunneigarar vert tekne med på råd før skog vert fjerna. Også i samband med etablering av riggområde utfylt med skytestein i fine myrer og gamle furuskogsområde, vil ho at grunneigarar skal kunna påverka.

Slik rådslaging er ikkje aktuelt for Statnett.

– Grunneigarar blir varsla før skogfjerning, men korleis det skal gjerast, må me avgjera. Me har krav frå NVE om forsiktig rydding, men nokre stader er det trong for å hogga temmeleg breidt. Det krev erfaring for å vurdera kva som må hoggast, og det ligg faglege vurderingar bak, forsikrar prosjektleiar Steinar Bygdås.

Frå Hordaland avis: http://www.avisa-hordaland.no/lokalnytt/ulvikgranvin/article6144036.ece


Siste frå aksjonsblogg

  • Endeleg løysing for Sima- Samnanger!

    13 May 2013 | 18:53

    Det ser ut som at den endelege løysninga for Sima- Samnanger er nær. NTB har laga denne saka på oppdrag frå kommunikasjonsavdelinga i Hardangeraksjonen. Dette er beviset på at LO er på vår side: LO vil stenge grensen for kroaterLO ber[…]

    Les meir...

Siste frå Facebook

Aktuelt

Statnett melde for brot på helgedagsfred

 

mast-byggingStatnett er politimelde for brot på helgedagsfreden etter støyande arbeid på kraftlinja mellom Simadal og Samnanger i påsken.

Hardangeraksjonen har valt å levera politimelding på dette, og seier dei er kjende med at både Statnett og lokale politikontor har motteke klager. Grunneigarar og andre vart provoserte av helikoptertrafikk og skøyting av linjer, som skjer i form av kraftige detonasjonar. Dette vart opplevd som sterkt sjenerande, men vart ikkje teke seriøst av politiet, meiner Hardangeraksjonen.

– Skjærtorsdag starta dei tydelegvis arbeidet for fullt, men reaksjonar frå folk i områda gjorde at arbeidet ikkje heldt fram på same måten dei neste dagane, seier nestleiar i Hardangeraksjonen Anita Aalvik.

Hadde dei lov?

Arbeidet som det vert reagert på gjekk føre seg i Fyksesund i Kvam, ved Kambane i Granvin, ved Angerskleiv og ved Jonsstøl i Ulvik.

– Meldingane me har fått tyder på at politiet har meint at Statnett hadde lov til dette arbeidet, men utan at dei har kunna dokumentera det. Frå Statnett si side vart det i eitt tilfelle beklaga, fordi dette bygde på ei mistyding, sa dei.

– Kva ynskjer de å oppnå med å melda dei til politiet?

– Me ynskjer at dei held seg til lovverket, og held sundagsfred. Dette er slett ikkje fyrste gong slike brot skjer, sjølv om dei er pålagde å halda seg til norske lover og reglar. I påsken synest me det var spesielt respektlaust. Det var i alle fall ikkje vêrforhold som gjorde dette nødvendig, meiner Aalvik.

– Det verste er at dei truleg gjer dette heilt medvite, legg ho til. Hardangeraksjonen meiner det er ille at ingen ser ut til å kontrollera at miljø- og transportplanen dei arbeider etter, vert fylgd.Les meir...

 

Anmelder Statnett for bråk i påsken

 

– Det hørtes omtrent ut som bombenedslag.Det sier Synnøve Kvamme i Hardangeraksjonen til BA.helikopter i arbeid

– Vi anmelder Statnett for brudd på helligdagsloven. Arbeidet besto blant annet i skyting av kabler og av helikopterflyging, sier Kvamme.

Hun mener at Statnett støyer unødvendig mye på feil tidspunkt.

– Nå har vi sett oss lei på dette, og vi vet at dette gjelder flere gunneiere også.

HØYE SMELL

I anmeldelsen skriver Hardangeraksjonen:

«I samband med bygginga av 420 kV-luftkraftlinje Sima-Samnanger vart det på skjærtorsdag 28. mars d.å. registrert støyande arbeid både i Fyksesund i Kvam herad, Kambane i Granvin herad, og ved Angerskleiv og Jonstøl i Ulvik herad.

Arbeidet bestod av m.a. helikopterflyging og skyting av kablar med svært høge smell. Det er ingen tvil om at dette kjem inn under utilbørleg larm.»

Videre står det:

«Hardangeraksjonen er kjent med at Statnett og dei lokale politikontora har motteke fleire klager vedrørande brot på heilagdagsfreden.

Hardangeraksjonen har i etterkant blitt kontakta fleire gonger av grunneigarar og anna lokalbefolkning som opplevde Statnett sitt støyande arbeid som sterkt sjenerande i påskehøgtida.

Fleire av personane som tok kontakt med politiet og varsla om forholda, opplevde at dei ikkje vart rettleia på ein god måte og følte at dei ikkje vart tekne seriøst.

Hardangeraksjonen har difor funne det rett å gå til formell politimelding.»

– Kabelskytingen hørtes omtrent ut som bombenedslag, hevder Kvamme.Les meir...

 

Hvem eier landskapet? -Sigmund Hågvar

 

landskap

Natur. - Over hele norgeskartet planlegges vindparker og småkraftverk. Det kan bli en historisk ødeleggelse avnorske naturverdier.

Norsk landskap er en viktig del av norsk identitet. Før vi slet oss løs fra Sverige i 1905, hadde vi bygget opp vår nasjonale selvfølelse kraftig i løpet av en 50-60-årsperiode. Visst var Fridtjof Nansen viktig i den sammenheng, men det norske landskapsmaleriet ga et vesentlig bidrag. Norske landskapsbilder fra den tiden voktes i dag som nasjonale ikoner. Høytidelig henger de til skue i selveste nasjonalgalleriet. To av de mest majestetiske landskapsbildene er Brudeferden i Hardanger av A. Tidemand og H. Gude (1848) og J. C. Dahls Stugunøset fra 1851, med villrein i et dramatisk fjell-landskap. På en av de mest synlige plassene møter vi August Cappelens Utdøende urskog fra 1852. Vi finner også Lars Hertervigs Gamle furutrær fra 1865, og ikke minst Norges nasjonalmaleri: Vinternatt i Rondane, malt i 1901 av Harald Sohlberg. Dersom du berører et av disse ikonene, går alarmen. Og skades et bilde, straffes du hardt.

Ødelegger originalene

Men hva med originalene - hva med norsk natur selv? Harald Sohlbergs motiv er heldigvis reddet som en del av Rondane nasjonalpark. Men når selveste Regjeringen begynner å ødelegge originallandskapet i Hardanger med sine monstermaster, straffes bare dem som fortvilet forsøker å stoppe vandaliseringen av landskapet. Og Regjeringen nekter å utrede et alternativ som går på omfattende energisparing, hvor inngrepene kunne blitt unødvendige.

Da USA begynte å ta form som et fellesskap, var det vanskelig å finne en felles identitet. Innvandrerne kom fra ulike land med ulike kulturer, tradisjoner og religioner. Men de hadde én ting felles: Naturen. Og i 1872 ble verdens første nasjonalpark, Yellowstone, etablert som et samlende nasjonalt ikon. Et landskap er en felles verdi som alle fritt kan nyte, oppleve og utforske. Et tapt landskap er et felles tap.

Les meir...
 

JØRGEN KILDAHL– Krafteksport øker CO2-utslippene

 

Eksport av fornybar kraft fra Norge faser ikke ut kullkraft på kontinentet, sier konserndirektør Jørgen Kildahl i Eon.

Jørgen Kildahl

Fra sitt staselige kontor med utsikt over Rhinen styrer Jørgen Kildahl over en kraftportefølje på til sammen 60 000 MW, som konserndirektør i Europas største kraftselskap Eon.

Det er det dobbelte av Norges samlede produksjonskapasitet.

Men to år i Tysklands energihovedstad har ikke gjort at den tidligere Statkraft-direktøren har mistet interessen for paradoksene i den norske energidebatten.

Mantraet fra både regjeringen, kraftbransjen og miljøbevegelsen i Norge har som kjent vært at eksport av subsidiert norsk fornybar kraft skal redusere bruken av kullkraft på kontinentet, slik at CO2-utslippene synker.

Mer gass

Kildahl vet imidlertid ett og annet om hva slags kraftverk som bør kjøres og ikke kjøres for å utnytte produksjonskapasiteten i en portefølje best mulig, og om hvordan de ulike produksjonsformene i et kraftmarked påvirker hverandre. Han mener økt bruk av gass vil kunne ha en større positiv miljøvirkning enn kabler.

Fleksibel vannkraft i kabel fra Norge kommer nemlig ikke til å gjøre at kullkraftverkene skrus av.


Les meir...
 

Skremt av kraftlinjer

 

Lars Haltbrekken
Statnett har i år tredoblet utbyggingen av nye kraftlinjer, og i årene framover blir svært store arealer uberørt natur rammet. Statnett og Lyse Energi ønsker å bygge en ny kraftlinje fra Lysebotn og inn til kommunene i Stavanger-området.
 Naturvernforbundets leder Lars Haltbrekken er skremt av omfanget.
Utbyggingen av kraftlinjer i 2012 berører nærmere 30 kommuner. Det bygges omtrent 2.000 master, og de største strekker seg høyere enn 40 meter over bakken.

Les også: Statnett vil bygge ny linje 

I løpet av året skal det ferdigstilles totalt 150 kilometer med nye kraftlinjer. Ifølge Statnett skal lengden økes til 200 kilometer neste år og videre til 300 og 400 årlige kilometer på lengre sikt.
Utbyggingen vil strekke seg gjennom tidligere uberørt natur, og ofte til store protester fra lokalbefolkning og naturvernere.Les meir...

 

Statnett innrømmer: Gav ikkje riktig bilete av mastene

 

mastene ved Granvin
Dei omstridde mastene i Hardanger vert meir synlege enn lova, noko som gjer folk forbanna. Sjå video av korleis mastene har blitt. Det er no to år sidan bygginga av dei omstridde mastene i Hardanger starta opp. Etter kvart som mastene no reiser seg, viser det seg at dei er blitt meir synlege enn det planane viste.

SJÅ VIDEO: Slik ser det ut der mastene strekkjer seg gjennom landskapet. Videoen viser området frå Sima, til Osa, over Hardangerfjorden til Ulvik og vidare til Granvin.: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/hordaland/1.8370780 

Rasar mot signalraude mastar
Folk i Hardanger meiner inngrepa ved bygginga av mastene pregar terrenget i større grad enn dei fekk førespegla.
Årsaka er korleis mastene har blitt sjåande ut etter kvart som dei har dukka opp i kommunane langs Hardangerfjorden. Over fjorden og gjennom turterreng strekkjer det no seg raude og kvite master, og kraftlinjene har fått markørar.

Det meiner lokalbefolkninga dei ikkje fekk informasjon om, og at utsjånaden og storleiken på mastene er eit løftebrot frå Statnett.

Les meir...
 

Råka områder

Eideskår/Granvin
Eideskår/GranvinStølen ligg rett ved fjordkryssinga over Granvinsfjorden.

Eideskår/Granvin
Ålvik/Kvam.
Ålvik/Kvam
Bjølsegrø/Kvam
Fitjadalen,Kvam
Folkedal/Granvin.
Fyksesundfjorden /Kvam
Mikkjelstøl, Granvin
Granvinsfjorden
Tveito/Granvin
Ålvik/Kvam
Hyrting/Kvam
Lussandsfjellet/Kvandalsstølen/Granvin.
Ulvik.

 



 vietnam travel information, vietnam tour, visa to vietnam, thiet ke san vuon, www.vietnamtravels.com - vietnam tours