9 gode grunnar for å bli medlem i Hardangeraksjonen:

Støtt kampen mot det store og unødvendige naturinngrepet Sima-Samnanger!
Vil du at den eigentlege agendaen bak Sima-Samnangerlinja skal koma fram?
Er du lei av ein profittbasert kraftbransje som berre tenkjer på pengar?
Vil du bli kjend med mange artige og kunnskapsrike folk og oppleva naturen i Hardanger?
Vil du vera med i ein historisk kamp som har vart sidan 2005?
Vil du vera med å bidra økonomisk i kampen mot eit av Noregs rikaste selskap?
Tenkjer du at elektrifiseringa av 4 av 104 oljeplattformar kanskje kostar meir enn det smakar og at det ikkje har den store miljøgevinsten?
Vil du vera med og arbeida for ein meir open og demokratisk vedtaksprosess?
Sist, men ikkje minst, så kostar det berre 100 kroner. Sjeldan har du fått meir ut av pengane dine!

Me treng deg! Klikk her for innmelding

 

Støtt Hardangeraksjonen

Hardangeraksjonen er basert på frivillig medlemskap og støtte fra privatpersoner. Vi mottar ikke offentlige midler. 

Din støtte er et viktig bidrag til den videre kampen mot kraftmaster i Hardangernaturen!

 

Gje eit økonomisk bidrag!

Kontooverføring:
Hardangeraksjonen står som eigar av alle 3 kontoane, med adresse Krokatveitvegen 75, 5614 ÅLVIK

Gave direkte til Hardangeraksjonen sitt kontonummer:  3450.36.12242

Rettshjelpskonto;

Støtte til rettshjelp går til juridisk bistand og saksomkostningar. Bankkontonr. er 3450 38 16 190

Bøtekonto; 
Har du lyst til å hjelpe aksjonistane med bøtene så kan du gje eit bidrag her. Bankkontonr er 3450 38 16824

 

Årsmøte 2017

Styret i Hardangeraksjonen kallar med dette inn til årsmøte 27. april kl. 19.00 på Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund.


Vanlege årsmøtesaker


Enkel servering


Vel møtt! 

 

Målet til Hardangeraksjonen var å stoppa den uforsvarlege høgspentlinja

Hardangeraksjonen vart oppretta i 2005, den gong under namnet «Folkeaksjonen». Målet til Hardangeraksjonen var å stoppa den uforsvarlege høgspentlinja frå Sima til Samnanger, gjennom å føreslå alternative løysingar. Aksjonen jobba intensivt for å påverka politikarar gjennom møter, lesarbrev og demonstrasjonar, og utarbeidde rapportar som viste at luftkraftlinja ikkje var naudsynt.

Les mer …

Filmen om saken: "Kampen om Hardanger"

kampen-film

 Hva er prisen for et landskap?

Ikke siden planene om å bygge ut Altaelva har et forslag om en inngripen i norsk natur blitt møtt med større folkelig protest enn strømmastene i Hardanger.
KAMPEN OM HARDANGER følger Synnøve Kvamme i kampen mot Statnetts utbygging av kraftmaster gjennom naturperler i Hardanger. Synnøve aksjonerer i fjellet, blir satt på glattcelle, men fortsetter motstanden. Lokalbefolkningen blir møtt med trusler om namsmann, og ekspropriasjon - dette er Davids kamp mot Goliat. Avgjørelsene har blitt tatt før de debatteres, materialer er kjøpt inn før vedtak er fattet. Det som begynte som en kamp for å bevare urørt natur utvikler seg til å bli en kamp for selve demokratiet.

Les meir om filmen her   Sjå og facebook-sidene til filmen her

Kjøp t-skjorte

Hardanger1

Kjøp den flotte t-skjorta som vart produsert i forbindelse med kampen mot monstermaster i Hardanger.

Fantastisk god kvalitet - produsert i 100% bomull. Vask 60°C.

Ved å kjøpe t-skjorta er du med å støtte arbeidet til Hardangeraksjonen.

 

Kun kr 150,- pluss porto kr 37,-

 

Betal inn kr 187,- til bankkonto: 3450.36.12242 (Hardangeraksjonen)

og send ein epost til 
ordre( at)hardangeraksjonen.no

(skriv størrelse, namn og adresse som t-skjorta skal sendast til)