Det fysiske inngrepet

  • Den 92 km lange høgspentlinja vil gå frå Sima i Eidfjord til Samnanger gjennom kommunane Ulvik, Granvin og Kvam.
  • Den vil gå langs heile nordsida av Hardangerfjorden og kryssa fjorden tre stader: Osafjorden, Granvinsfjorden og Fykesund.
  • Mastene vil bli opp til 45 meter høge og kraftgatene vil bli minst 40 meter breie.
  • Linja vil koma i konflikt med ei rekke raudlista plante- og dyreartar.
  • Den vil kryssa beite- og kalvingsområda til Noregs minste villreinstamme.
  • Mastene vil trua Hardanger si bestand av kongeørn, som er ein nær trua art.
  • Den konsesjonsgitte linja vil gå tvers gjennom eit tjuetals automatisk freda kulturminne, deriblant Jonstøl med funn etter 2000 år gamle busetnader.
  • Linja vil gå tvers gjennom mange hundre år gamle stølsområde samt dei finaste turområda i dei råka kommunane.

Den udemokratiske prosessen

2005-2009

  • Hausten 2005 held Statnett informasjonsmøte i Hardanger.
  • Trass i høglydte protestar og krav frå lokalbefolkninga om utgreiing av andre alternativ, gjev Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) konsesjon for bygginga i mai 2008.
  • Vedtaket vert klaga inn for Olje- og energidepartementet (OED) av eit politisk unisont Hardanger samt ei rekke grunneigarar, privatpersonar og interesseorganisasjonar.
  • Ifølgje Energilova skal saker med store motstridande interesser skal behandlast i Olje- og energidepartementet, og klageinstans skal vera Kongen i statsråd. Altså vart energilova broten i prosessen.
  • Mange stiller spørsmål ved at OED, som er eigar av både NVE og Statnett, er klageinstans.
  • Den einaste utgreiinga av sjøkabelalternativet som føreligg på dette tidspunktet, er utarbeidd av Multiconsult i 2005, som hevdar at løysinga er fullt teknisk gjennomførbar.
  • Likevel hevdar Statnett og dåverande olje- og energiminister Terje Riis-Johansen at det er umogleg å legga kabel i Hardangerfjorden.

2010

  • Vinteren 2010 er den kaldaste og tørraste på 150 år, og fører enkelte dagar til høgare belastning på eksisterande nett. Éin dag er linjene inn mot BKK-området overbelasta med eit par prosent.
  • Dette inneber at dersom ei av dei to eksisterande linjene hadde fått ein alvorleg feil akkurat på denne dagen, kunne delar av Bergen ha mista straumen i nokre minutt.
  • Plutseleg endrar Statnett og OED argumentasjon og påstår at det er Bergen, og ikkje Nordsjøen, som utløyser behovet for Sima-Samnanger.
  • Med 100 MW i reservekapasitet vil Bergen ha rikeleg med straum, sjølv på den mest ekstreme vinterdagen – noko som lett kan løysast med ENØK-tiltak.
  • Til samanlikning vil Sima-Samnanger ha ein overføringskapasitet på 1400 MW, altså 14 gonger meir enn Bergen sitt reelle behov for reservestraum.
  • Etter press frå media offentleggjer Statnett/BKK sentrale rapportar som til då har vore hemmeleghaldne:
  • «Systemberegninger, BKK-området», haldt skjult sidan mars 2004
  • «Forprosjekt, ny ledning til BKK-området», haldt skjult sidan oktober 2004
  • «Systemberegninger, BKK-området», haldt skjult sidan mai 2006
  • «Oppdaterte systemberegninger», haldt skjult sidan desember 2007
  • I rapportane kjem det fram at det ifølgje Statnett vil vera hensiktsmessig å utsetja Sima-Samnangersaka til nærmare 2020 då ein vil ha eit betre grunnlag for avgjersle.
  • Statnett sine kalkuleringar for venta straumforbruk vinteren 2010 oversteig talet på det faktiske straumforbruket. Altså kunne forbruket ha vore endå høgare utan at det ifølgje Statnett ville ha vore kritisk.
  • Etter to år utan ei einaste utgreiing, vedtek OED bygginga av Sima-Samnanger 2. juli 2010, basert på Statnett sine uttalar om Bergen sin forsyningssituasjon.
  • Motstanden som har vore unison både folkeleg og politisk i heile Hordaland, når nye høgder og Arbeidarpartiet rasar nedover på meiningsmålingane.
  • I løpet av sommaren kjem det fram at Statnett inngjekk kontrakt og bestilte mastene til heile traseen frå Sima til Samnanger frå det kroatiske entreprenørselskapet Dalekovod allereie i januar2010 – seks månader før vedtaket.
  • 10 august: Etter ein turbulent sommar snur regjeringa i saka og set ned fire uavhengige ekspertutval som skal gjera ei grundig utgreiing av sjøkabelalternativet samt sjå på alternativ til Sima-Samnanger. Følgjande rapportar skal leverast innan 1. februar 2011:
  • Utval I: Teknologi, økonomi og andre forhold knytt til ei sjøkabelløysing
  • Utval II: Verknader for kraftsystemet ved kabling
  • Utval III: Konsekvensane av at ein treng lenger til på ein ny overføringsforbindelse til Bergensområdet (BKK-området)
  • Utval IV: Samfunnsøkonomiske verknader av sjøkabelalternativet
  • Samstundes som ekspertutvala arbeider med rapportane, startar Statnett opp anleggsarbeidet med å byggja høgspentmaster på strekket Samnanger-Kvam fordi Bergen ifølgje regjeringa og departementet ikkje har tid til å venta lenger på ny straumtilførsel.
  • Statnett kjøper annonseplass på internett med «visualiseringar» av Sima-Samnanger, kor mastene knapt er synlege. Dei gjev også ut ei «informasjonsavis» kor Statnettsjef Auke Lont skildrar Bergen sin forsyningssituasjon som ei «samanhengande nær døden-oppleving».
  • Samstundes ber Statnett Statoil om at elektrifiseringa av Troll A blir utsett til Sima-Samnanger er ferdigstilt.

2011

1. februar vert utvalsrapportane offentleggjort. Gjennom rapportane og uttalar, slår utval III og IV fast følgjande:

  • Statnett sine tal og prognosar for forsyningssituasjonen i BKK-området er feil.
  • Det er ikkje noko straumkrise i Bergen. Sjansen for utkopling av straumforbruk som følgje av kombinasjon av ein ekstrem vinter og feil i nettet dei komande 10 åra, blir berekna til under 1 %.
  • Sima-Samnanger vil ikkje ha nokon innverknad på BKK-området si straumforsyning.
  • Oppgradering av eksisterande linjer vil gje Bergen tilfredsstillande straumforsyning, òg på lang sikt. Utvala føreslår òg utgreiing av energieffektiviserande tiltak som ei alternativ løysing.
  • Høyringsfristen skal normalt vera tre månader, og ikkje mindre enn seks veker. Olje- og energidepartementet sette høyringsfristen til tre veker etter offentleggjeringa av rapportane, og høyringa fann stad 10. februar.
  • Mange av dei frammøtte på høyringa uttrykte bekymring fordi dei ikkje hadde fått tid til å setja seg inn i så vesentlege rapportar.
  • Terje Riis-Johansen hevda at det ikkje hadde kome fram noko nytt i rapportane.
  • 1. mars kunngjer OED at vedtaket av 2. juli 2010 blir opprettheldt, men den argumentasjon at Bergen si straumforsyning ikkje har tid til å venta lenger på ny straumtilførsel.
  • I løpet av 2011 kjem det fram at ein sjøkabel frå Sima/Samnanger til Skottland som kan eksportera enorme mengder kraft, er under planlegging.
  • Då anleggsarbeidet startar opp for fullt i mai, går Hardangeraksjonen til sivil ulydnad. Gjennom heile anleggsperioden protesterer dei som framleis har kampviljen i behald – mot den udemokratiske prosessen, mot det enorme, unødvendige naturinngrepet.
  • Det vert avslørt at Statnett har inngått avtale med kroatiske Dalekovod med så dårlege arbeidsvilkår at dei er i strid med norsk lov.

2012

  • Den einaste uttalen frå Miljøverndepartementet gjennom heile prosessen kjem i starten av mars då dei motseier Riksantikvaren og opprettheld vedtaket om å få byggja master gjennom freda kulturminner ved Bjølsegrø.
  • Olje- og energiminister Ola Borten Moe legg fram ei Stortingsmelding som vil ta endå mindre omsyn til natur og lokademokrati for å verta Europas grøne batteri.

 

ELEKTRIFISERING:

Ved elektrifisering skal enkelte oljeplattformar (ifølgje kjelder i Oljedirektoratet dreier det seg om 4 av 104 oljeplattformar) få straum frå fastlandet gjennom kablar og erstatta dei små gasskraftverka som finst på kvar oljeplattform.

Dette vil gje redusert CO2 utslepp for Noreg som nasjon, men for resten av verda vil det ikkje ha noko å seia. Den same gassen som før vart brent på oljeplattformane vert istaden sendt ut til kontinentet og brent der. Likevel skal Noreg bruka mange milliardar på dette for å få ein «reinare» miljøprofil. Konklusjon: lite reelt miljøutbytte, enorme utgifter og øydelagt natur.

Dei eksisterande gasskraftverka på oljeplattformene kunne ha vore erstatta med moderne og meir effektive grasskraftverk, bølgjekraft osb.

Gassen frå Noreg vert t.d. brukt til produksjon av straum i gasskraftverk. I Tyskland står det gasskraftverk med Statkraft sin logo på og produserer straum av gassen som truleg kjem gjennom røyr frå Noreg.

 

KRAFTTRANSPORT

I konsesjonssøknaden eller konsesjonsvedtaket står det ingenting om at straumen gjennom Sima- Samnanger skal brukast til krafttransport til utlandet. Samstundes seier BKK at dei vil tapa 400 millionar i året på tapt krafttransport om ikkje Sima- Samnanger vert bygd. Ein rapport frå Senter for strategiske studier seier også at krafttransport utanlands er den viktigaste grunnen for at Sima- Samnanger vert bygd. Mykje tyder altså på at krafttransporten utanlands har vorte halde skjult/underkommunisert under heile prosessen for å unngå reknestykke i forhold til ein evt sjøkabel.

 

Årsmøte 2017

Styret i Hardangeraksjonen kallar med dette inn til årsmøte 27. april kl. 19.00 på Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund.


Vanlege årsmøtesaker


Enkel servering


Vel møtt! 

 

Målet til Hardangeraksjonen var å stoppa den uforsvarlege høgspentlinja

Hardangeraksjonen vart oppretta i 2005, den gong under namnet «Folkeaksjonen». Målet til Hardangeraksjonen var å stoppa den uforsvarlege høgspentlinja frå Sima til Samnanger, gjennom å føreslå alternative løysingar. Aksjonen jobba intensivt for å påverka politikarar gjennom møter, lesarbrev og demonstrasjonar, og utarbeidde rapportar som viste at luftkraftlinja ikkje var naudsynt.

Les mer …

Filmen om saken: "Kampen om Hardanger"

kampen-film

 Hva er prisen for et landskap?

Ikke siden planene om å bygge ut Altaelva har et forslag om en inngripen i norsk natur blitt møtt med større folkelig protest enn strømmastene i Hardanger.
KAMPEN OM HARDANGER følger Synnøve Kvamme i kampen mot Statnetts utbygging av kraftmaster gjennom naturperler i Hardanger. Synnøve aksjonerer i fjellet, blir satt på glattcelle, men fortsetter motstanden. Lokalbefolkningen blir møtt med trusler om namsmann, og ekspropriasjon - dette er Davids kamp mot Goliat. Avgjørelsene har blitt tatt før de debatteres, materialer er kjøpt inn før vedtak er fattet. Det som begynte som en kamp for å bevare urørt natur utvikler seg til å bli en kamp for selve demokratiet.

Les meir om filmen her   Sjå og facebook-sidene til filmen her

Kjøp t-skjorte

Hardanger1

Kjøp den flotte t-skjorta som vart produsert i forbindelse med kampen mot monstermaster i Hardanger.

Fantastisk god kvalitet - produsert i 100% bomull. Vask 60°C.

Ved å kjøpe t-skjorta er du med å støtte arbeidet til Hardangeraksjonen.

 

Kun kr 150,- pluss porto kr 37,-

 

Betal inn kr 187,- til bankkonto: 3450.36.12242 (Hardangeraksjonen)

og send ein epost til 
ordre( at)hardangeraksjonen.no

(skriv størrelse, namn og adresse som t-skjorta skal sendast til)